Tuesday 27 January 2009

Boikott

Dei nye bergenske it-banda Fjorden baby! og Jon Olav Nilsen & gjengen oppførte seg som drittungar då dei deltok i Urørt-finala på Samfundet i Trondheim forrige helg. Etter finalen starta dei slåsskampar bak scena og slo ned to av dei frivillige studentane som jobba der. Den eine måtte på sjukehus og sy fleire sting. Samfundet har meldt dei til politiet både for dette og hasjrøyking backstage. Verkar som om Loddefjord-kidsa har misforstått begrepet punk. Trur neppe dei startar ein revolusjon ved å slå ned frivillige studentar. Samfundet har sendt ut e-postar til andre studenthus for å advare dei mot å booke bandet. Eg henger meg på.

Ser ut som punkeopprøret er over for banda før det hadde byrja. Litt synd eigentleg. Dei hadde unekteleg kule namn.

No comments: